top of page

Om Brynjulf

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 blei han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, kor han vaks opp som odelsgut. 

 

Tjønn har bakgrunn som journalist og har arbeidd fleire år som forlagsredaktør i Samlaget. Han har også vore leiar i Den norske Forfatterforening.

 

Han debuterte som forfattar i 2002 med romanen Eg kom for å elske på Samlaget og har sidan gjeve ut fleire bøker, for både barn, ungdom og vaksne. I 2013 kom ungdomsromanen Så vakker du er (Cappelen Damm), som blei tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Boka blei også nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. I 2018 blei ungdomsromanen Smadra (Cappelen Damm) nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. I 2021 blei romanen Kvar dag skal vi vere så modige (Cappelen Damm) kåra til vinnar av P2-lytternes romanpris på NRK.

I 2022 kom Brynjulf med bildeboka Gard er ikkje redd, illustrert av Sunniva Sunde Krogseth (Aschehoug). Same år ga han ut diktsamlinga Kvit, norsk mann (Cappelen Damm), som fekk både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.

Både ungdomsromanen Så vakker du er og romanen Alt det mørke og alt det lyse blei dramatisert og satt opp på Teater Vestland.

Kvit, norsk mann blei dramatisert og oppført på Vega scene i Oslo i 2024. Brynjulf blei nominert til Heddaprisen for beste scenetekst med dramatiseringa av Kvit, norsk mann.

 

I 2022 og 2023 var Brynjulf Jung Tjønn Husdramatikar ved Dramatikkens Hus. 

bottom of page